Om oss

admin @ 16-12-2008

Kva er Formidlingsnettet?

Denne bloggen vert lansert i samband med det 4. Norske arkivmøtet i Bergen  20-22 april og vil vera utgangspunktet for etableringa av eit norsk nettverk for folk som arbeider og interesserer seg for arkivformidling. Målet med nettverket at ein i større grad skal dela erfaringar og kunnskap om arkivformidling.

Du kan melda deg inn i nettverket via bloggen. I tillegg til å få felles informasjon på e-post, vil du få tilgang til å skriva og diskutera på bloggen. Her kan dei som ønskjer presentera sine prosjekt eller prosjekt dei kjenner til, tipsa om relevant litteratur, rapportar, Internettressursar, utdanning, seminar, workshops og få innspel til eige arbeid med meir.

Formidlingsnettet har eit styre som er ansvarleg for å arrangera  ein kompetansehevande workshop/kurs/seminar  årleg for medlemmar i nettverket. Den første workshopen vil finna stad i Oslo i november 2009 i samarbeid med ABM- utvikling. Tema vil vera digital historie forteljing.

Bakgrunn for opprettinga av “Formidlingsnettet” er eit treårig prosjekt i regi av LLP med støtte frå ABM- utvikling som tek sikte på å utvikla eit nasjonalt nettverk for arkivformidling i Norge.

Styret i Formidlingsnettet  består av  Ulla Nachtstern Tannmand (KomMa) , Mona Nielsen ( Bergen byarkiv), Maria Press ( Statsarkivet i Trondheim) og Bjarnhild Samland (ABM Sogn og Fjordane). Fylkesarkivet i Oppland står bak den tekniske utviklinga av bloggen.

 Bli medlem!